*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ALLTID MED: Kameraet er ein trofast turkamerat for Rolf Selvik. (Foto: Rolf Selvik)

Norges beste naturfotograf

Rolf Selvik har leia konkurransen heilt frå starten av i februar. Denne veka blei NM-tittelen sikra.

Tysdag blei det klart at Rolf Selvik frå Saudasjøen er landets beste naturfotograf. Då kom resultata frå den siste runden i årets norgesmeisterskap, og samanlagt tronar Selvik øvst.

Totalt har han fått 50 bilde vurdert, fem kvar månad sidan februar.

– Eg synest det er denne konkurransen som er gjevast. Her må ein levere mange bilde, det nyttar ikkje å bare ha nokre få som er gode. Mange av dei som deltar er nesten som profesjonelle og reiser land og strand for å oppsøke dei beste plassane, seier Selvik.

Norgesmeisteren har sjølv halde seg til nærområdet i Rogaland. Sauda, Suldal, Vindafjord og Karmøy er dei fire kommunane han har jakta dei fleste bilda i.

– Eg har starta frå botn og jobbar på min måte. Eg bruker mykje tid lokalt og har heile tida nye prosjekt og planar på gang. Om eg ikkje greier det i år, kan eg alltid prøve neste år, smiler Selvik.

Han var med i NM også i 2013. Då enda han på tredjeplass.

Norgesmeisteren skildrar kunnskap om naturen og korleis fuglar og dyr oppfører seg som nøkkelen til suksess, i tillegg til ein solid porsjon tålmod.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her