I tysdagens Ryfylke gjekk det ut varsel om oppstart av planarbeid på Breiborg. I annonsen står det at planområdet er omtrent 4 900 dekar stort, og at «planen skal legge til rette for fritidsbygningar, utleigehytter, hotell/overnatting, forretning, beverting og skianlegg.»
Tiltakshavar og grunneigar er Solgunn Selland. Ho er ikkje interessert i å kommentere saka utover den informasjonen som er gitt i annonsen, fordi ein ny reguleringsplan etter kvart skal opp til behandling i kommunen.
Planarbeidet har komme i stand som ein følge av at Sauda kommune krev ny regulering av området på bakgrunn av at tiltakshavaren ønsker å bygge området tettare med hytter.
Foreløpig er ein i oppstartsfasen der Selland og Bergen Arkitektkontor skal sjå på moglegheitene for å realisere grunneigarens ønske.
Avdelingsingeniør i kommunen, Ørjan Djuv, fortel at arbeidet med ein ny reguleringsplan kan ta opp mot eitt år og kanskje meir.
– Det er ingenting i vegen for å legge inn eit område til hotell og skianlegg i ein slik plan. Om ein skal lage detaljar på det, må det bli gjort seinare. Eg vil anta at det blir lagt inn som eit mogleg prosjekt, forklarer Djuv.
Ei openbar utfordring er at det i dag er, forutan skuleferiane, vinterstengt frå vegen blir stengt og fram til vinterferien. At vegen er open er ein føresetnad for både potensiell hotell- og skitrekkdrift.
– Det er sjølvsagt nokre utfordringar med tanke på vêr og vind. Statens vegvesen har gitt signal om at ein vil brøyte vegen til Breiborg gjennom heile vinteren om det blir meir aktivitet i området, påstår Jon Eirik Fjørtoft i Bergen Arkitektkontor.
Avdelingsingeniør Ørjan Djuv peiker også på sjølve vegen og faren for ras om vinteren som ei utfordring med tanke på trafikk til og frå Breiborg på den årstida.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her