Vil angripe ventelistene

Formannskapet vil at bygginga av nye institusjonsplassar startar opp alt i 2016.

Etter at rådmannen la fram sitt budsjettforslag har formannskapet blitt einige om å flytte på nokre millionar kroner.

Eit einstemmig formannskap gjekk inn for at to millionar kroner blir brukt til å få i gang bygginga av nye institusjonsplassar i 2. og 3. etasje i sjukehusbygget, og at dette arbeidet startar i 2016.

– Me vil ha fortgang i å få ned ventelistene. Me har hatt ventelister i mange år, men nå er det mange demente som står på desse listene, seier ordførar Asbjørn Birkeland (Sp).

Pengane blir tatt frå oppussinga av andre etasje i brannstasjonbygget. Det er kommuneadministrasjonen som bruker desse lokala som kontor, men dei tilsette må vente på oppussinga dersom også kommunestyret støttar innstillinga frå formannskapet.

I tillegg blir investeringane til nytt billettsystem og adgangskontroll i Saudahallen flytta frå 2016- til 2017-budsjettet. Politikarane ønsker at billettsystemet og adgangskontrollen blir sett i samanheng med det nye kulturhuset og Sauda kino.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her