*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
HENG KRISTOFF MED? I fjor vann han i Sauda, men neste års ferd over fjellet og ned til Sauda kan gjere det krevjande for Alexander Kristoff om fjellgeitene køyrer tøft. Likevel vil han vere ein naturleg favoritt på etappen, grunna dei mange flate kilometerane frå Sauda til Suldal. (Arkivfoto: Tore Bastlien Dahl)

Sauda-utfordring for Kristoff

Neste års Tour des Fjords med spektakulær tur over fjellet før ein dundrar gjennom Sauda.

I førre veke blei det klart at den tredje etappen i Tour des Fjords neste haust har målgang på Suldalsosen. På vegen dit skal ein følge nasjonal turistveg over Røldalsfjellet, stupe ned til Sauda og følge fjorden før ein kryssar Sandsfjord bru.

– Eg trur løypa med nasjonal turistveg og fjellovergangen vil gi ein fantastisk etappe, både for ryttarar, publikum og TV-sjåarar. Det er kjekt at me får vist fram noko av den naturen og mangfaldet me har i regionen, for det er utruleg flott oppe på fjellet, seier rittdirektør Roy Hegreberg.

Enkelt å velje Sauda
Ryfylke har vore del av Tour des Fjords i kvar utgåve sidan etapperittets jomfruutgåve i 2013. I fjor var første gong rittet kom til Sauda då målstreken på den tredje etappen var lagt til Kyrkjegata. Alexander Kristoff sikra favorittsiger etter å ha fått god hjelp av Sven Erik Bystrøm på den siste kilometeren.

Les også: Arrangement utanom det vanlege

Etter etappen var rittdirektøren svært fornøgd med responsen saudabuane gav ryttarane og rittet.

– Det var veldig enkelt å legge løypa gjennom Sauda igjen. Me er veldig fornøgde med det som skjedde der i år, samstundes er det naturleg å skifte plass for målgang og startområde frå år til år. Men det beste vil me ha med så ofte som mogleg, og Sauda er blant dei tinga. Me gleder oss til å reise gjennom byen, framhevar Hegreberg.

Fjellutfordring
Der ein i fjor på førehand var relativt trygg på at det ville bli ein massespurt om sigeren i Sauda, er ein for neste års utgåve langt meir usikker på kva scenario som vil utspele seg når ryttarane dundrar gjennom bygda.

Med klatringa opp Røldalsfjellet til drygt 1 000 meter over havet før utforkøyringa tar dei ned til havnivå i Sauda igjen, er det moglegheiter for klatresterke ryttarar å lage krøll for planane til dømes Katjusja vil ha for å samle det til ein massespurt på Suldalsosen for Kristoff.

– Det blir ein spanande etappe, og fjellet vil skilje. Eg trur likevel at nivået på dei beste er såpass høgt at lagkameratane til Kristoff og andre vil klare å samle det på vegen frå Sauda til Suldal. Det blir ein veldig open fase av rittet som vil vere krevjande for ryttarane, trur rittdirektøren.

Løypesjekk
Hegreberg og Tour des Fjords sjekka ut den tredje etappen tidlegare i haust. Starten er i Kinsarvik, før ein køyrer til Odda og Røldal og tar turen over fjellet til Sauda på den nasjonale turistvegen.

– Me er heilt sikre på at det er eit veldig godt val. Tunnelane dei må gjennom på etappen er det ingen risiko i, og fjellovergangen blir fantastisk. Me er veldig fornøgde med valet me har gjort, seier Hegreberg.

Tour des Fjords blir arrangert frå 31. august til og med 4. september. Ferda over fjellet og gjennom Sauda skjer 2. september.