*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
HERO SAUDA: Desse skal jobba på asylmottaket i Sauda. Frå venstre: Kristin Hystad (dagleg leiar), Jeanette Ringstrand (miljøarbeidar), Hulda Asgeirdottir (tiltakskonsulent), Cato Gundersen (vaktmeister), Brit Jørstad Nilsen (økonomikonsulent) og Janne Hindrumsen (informasjonskonsulent). Elise Fløgstad Klimek er tilsett som sosialkonsulent, men var ikkje til stades då bildet blei tatt. Til høgre står Preben Svendsen, dagleg leiar ved Hero sitt asylmottak i Haugesund. (Foto: Ingvil Bakka)

Desse skal jobba på asylmottaket

Hero sin administrasjon i Sauda er klar. Kristin Hystad blir dagleg leiar.

– Eg gler meg. Det blir ei bratt læringskurve, men også ein jobb der eg verkeleg får utvikla meg. Eg har god tru på at den ulike utdannings- og erfaringsbakgrunnen i teamet gjer at dette skal gå godt, seier Kristin Hystad.

Søndag blei ho tilbode jobben som dagleg leiar ved asylmottaket i Sauda. Alt onsdag starta ho i jobben. 38 år gamle Kristin Hystad har ei tidlegare yrkeserfaring som inneber blant anna kontor-, hotell- og butikkleiing, og jobbar innan reiseliv og banknæring.

Rundt hundre personar søkte då driftsselskapet Hero lyste ut sju stillingar ved det planlagde asylmottaket. Etter den første intervjurunden stod det igjen rundt tjue mulege kandidatar. Andre intervjurunde blei gjennomført i sist veke, og nå er det klart at alle sju stillingane er besett.

Følgande personar har fått fast jobb hos Hero: Elise Fløgstad Klimek (sosialkonsulent), Brit Jørstad Nilsen (økonomikonsulent), Janne Hindrumsen (informasjonskonsulent), Hulda Asgeirdottir (tiltakskonsulent), Cato Gundersen (vaktmeister) og Jeanette Ringstrand (miljøarbeidar).

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her