*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
EIGEN KOMMUNE: Fleirtalet i innbyggarundersøkinga ønsker at Sauda held fram som eigen kommune. (Arkivfoto: Frank Waal)

Forsikring skapar asylproblem

Huseigarar blir møtt med strenge krav frå forsikringsselskapa når dei vil leige ut til asylsøkarar.

– Eg fekk beskjed om at eg måtte installere sprinklaranlegg dersom eg ville leige ut huset som desentralisert asylmottak. Det er heilt uaktuelt, seier ein huseigar til Ryfylke.

Han vil ikkje ha namnet sitt i avisa før forsikringa har gått i orden.

Huseigaren meiner det vil koste 4-500 000 kroner å etterkome krava frå nokre av forsikringsselskapa. Nå håper han å få forsikra huset gjennom andre forsikringsselskap.

– Hero betaler litt betre enn marknadsprisen. Eg er tilbydt seks års leigeavtale. Denne langsiktigheita er motivasjonen min for å leige ut til Hero, seier utleigaren.

Hero opplever problem med å få nok bustader til å romme 150 asylsøkarar i Sauda, fordi utleigarar møter utfordringar hos forsikringsselskapa.

– Me har varsla UDI om at det å skaffe nye bustader går seinare enn ønska på grunn av utfordringar med forsikringsselskapa, seier Preben Svendsen i Hero.

Han trur likevel at dei skal kome i mål. Foreløpig har ikkje Hero fått til ein avtale med å leige sportellet av Sauda Fjord Camping.

– Me er framleis i dialog. Forhåpentlegvis får me til ein avtale om å leige sportellet, men det desentraliserte mottaket i Sauda står og fell ikkje på denne avtalen, seier Svendsen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her