Nå har skitrekket opna

Vêromslag til det betre for Sauda skisenter.

Søndag klokka 10 opna Sauda skisenter familieheisen. Det opplyser dagleg leiar i Sauda skisenter, Lars Reidar Fosstveit, om i ei tekstmelding til Ryfylke.

– Det er veldig kjekt å opne. Me ser at folk er veldig på hogget og klare for oppdateringar frå oss, og då er det veldig, veldig kjekt at me har opna nå, seier Fosstveit.

Tidleg i veka var det eit mål for skisenteret å opne til helga, men ein svært mild fredag gjorde det krevjande då eit kraftig regnvêr og milde temperaturar dominerte heile dagen.

Laurdag, natt til søndag og frå søndag morgon snudde det igjen. Snøen har lava ned. Skisenterets daglege leiar opplyser at dei har fått rundt 40 centimeter med kvit nedbør ved skitrekket.

– Familieheisen er heilt klar, og det ser veldig lovande ut for hovudtrekket. Me har starta å tråkke den store bakken også. Eg trur ikkje at me opnar den i dag, men me får sjå kva folk som kjem og korleis stemninga er for å få det til utover dagen, forklarer Fosstveit.

– Har ein opna for sesongen nå, med tanke på snøvêret som er meldt også dei neste dagane?

– Det er vanskeleg og seie og avhengig av korleis vêret blir. Det kan godt vere at me tar ei kveldskøyring eller to den kommande veka. Me er jo eigentleg utanfor sesongen, så me har moglegheita til å ta det litt på sparket og styre det sjølv. Me gir iallfall folk moglegheita til å komme seg ut, seier skisenterets daglege leiar, Lars Reidar Fosstveit.

Her kan du sjå vêrmeldinga for Sauda skisenter for dei neste dagane.