Skrinlegg utbygging

Kristian Hystad droppar planane om å bygge ein tredjeetasje på Far’s Vilje-bygget etter ei rekke naboprotestar. Planen var å innkvartere 16 asylsøkarar i den nye etasjen.

Åtte naboar var negative til planane om å bygge ein ekstra etasje på Far’s Vilje-bygget.

Samtidig som andreetasjen på Far’s Vilje-bygget blir bygd om til å romme Hero-adminsistrasjonen, planla huseigar Kristian Hystad å bygge på ein ny etasje. Bygget er i utgangspunktet dimensjonert for ein ekstra etasje.

Hystad hadde alt ein avtale med Hero om å innreie den nye etasjen med blant anna åtte soverom som skulle huse 16 asylsøkarar. Men åtte av naboane har nå protestert mot planane.

Dei åtte naboane meiner teikningane av tredjeetasjen minner om brakker som er plassert på toppen av eit bygg. Dei meiner dette visuelt vil vere negativt for bybildet.

Naboane påpeiker også at bygget ligg i ei sentrumsgate med fylkesveg 520 som næraste nabo. Naboane etterlyser parkeringsplassar til det nye bygget og plass til søppelkonteinarar, syklar og liknande, i utbyggingsplanane. Bygget er kun omkransa av fortau.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her