*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
HEKTISK INNSPURT: Mange i Sauda har jobba på spreng for å gjere saudasamfunnet klart for å ta imot 150 asylsøkarar. Den lokale Hero-leiaren, Kristin Hystad, rosar innsatsen. (Foto: Even Emberland)

Første asylsøkarane rett rundt hjørnet

Torsdag formiddag var ikkje dei første asylsøkarane på plass i Sauda, men dei første kan kome alt i dag, fredag.

Tysdag 1. desember begynte avtalen mellom Hero og UDI. Ifølge kontrakten skal Hero kunne ta imot 150 asylsøkarar som skal innkvarterast i Sauda. Men i går, torsdag formiddag, var det ikkje kome asylsøkarar til Sauda ennå.

– Det er ikkje uvanleg at det ikkje kjem asylsøkarar dei første dagane. Me vil heller ikkje sende alle på ein gong, opplyser Atle Berge i UDI avdeling Vest.

Sjølv om Berge ikkje kunne seie nøyaktig når dei første asylsøkarane kjem til Sauda, meiner han det er stor sjanse for at dei første kjem i løpet av denne veka.

– Me vil prioritere barnefamiliar først. Dette gjeld særleg barnefamiliar som nå bur på akuttmottak og transittmottak der det ikkje er skule i nærleiken. Me ønsker at barn som har rett på skulegang skal få dette først, seier Berge.

Han veit ikkje kor mange av dei 150 som blir barnefamiliar.

– Me trur det blir ein stor del, seier Berge.

Det er heller ikkje avklart kva nasjonalitet asylsøkarane som kjem til Sauda har.

– Dei fleste vil nok vere frå dei «store» landa: Syria, Afganistan, Eritrea, Iran og Irak, meiner Berge.

Kommunalsjef Andreas Fløgstad opplyser at kommunen er så førebudd som dei kan vere.

– Det er særleg innan helsesektoren og skulesektoren asylsøkarane vil ha behov for kommunale tenester. Me har førebudd oss og er klare. Men sjølvsagt er det nokre usikkerheitsmoment, sidan me ikkje veit alderssamansetninga til dei som kjem ennå, seier Fløgstad.

Det er særleg kor mange skuleborn som kjem, som er det største usikkerheitsmomentet til kommunen.

Vil du lese meir om saka? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.