Sauda er nå isolert då Fv 520 ved Svandalsfossen er stengt for kvelden og natta. Det er dei store vassmassane som har ført til at vegen er stengt.
Foreløpig er det muleg å sende utrykningskjøretøy gjennom vassmassane, ved hjelp av eskortekjøretøy, men denne situasjonen kan endre seg.
Då det er usikkert med helikoptertransport, på grunn av dårleg ver, er det sett inn ein beredskapsbåt i Sauda. Skyssbåten «Helgøy» kan ta båretransport. Båten er stasjonert i båthavna.
I tillegg til store vassmengder som skyller over brua ved Svandalsfossen, har det også kome ned stein og jord.
I periodar har bilar fått kjøre gjennom vassmassane i løpet av laurdag, men nå er det lite truleg at bilar ikkje får passere før tidlegast søndag, ifølge politiet.
Fv 520 frå Sauda til Røldal er også stengt.