*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SAMSTEMTE: Grethe Svensen har sunge med barnekor før, men har aldri før hatt ein eigen konsert saman med barn. Etter debuten i Sauda er artisten gira på å gjera fleire slike konsertar i Norge neste år. (Foto: Ingvil Bakka)

Innfridde forventningane

Nå er Grethe Svensen open for fleire konsertar saman med barnekor.

– Eg begynte å tenka på dette i bilen, på veg til Saudadagane i mai i år. Eg fekk lyst til å laga ein julekonsert saman med barnekor og Sauda blei staden der me valde å testa ut konseptet, fortel Grethe Svensen.

Etter den første konserten onsdag ettermiddag var ikkje artisten i tvil om at dette er noko ho kan tenka seg å gjenta.

– Det var utruleg gøy, og eg blir jo så sjarmert av ungane. Dei har gleda seg så mykje og vore kjempeflinke til å øva. Julekonsertar og barn høyrer saman, så dette har eg lyst til å gjera meir av, innrømmer ho.

Mellom 65 og 70 saudabarn og unge ungdommar har øvd i heile november til onsdagens konsertopptreden saman med Grethe Svensen i Sauda kyrkje.

Alle billettane til konserten blei selt ut på få dagar, og arrangøren valde å setta opp ein ekstrakonsert seinare same kveld. Dei yngste koristane var ikkje med på denne konserten, som hadde rundt 125 publikummarar.

Vil du lese meir om saka? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.