OPNA IGJEN: Svandalsfossen er nå heilt open for trafikk. (Foto: Frank Waal)
OPNA IGJEN: Svandalsfossen er nå heilt open for trafikk. (Foto: Frank Waal)

Svandalsfossen delvis stengt

Bilar får passera Svandalsfossen. Situasjonen blir vurdert fortløpande.

Etter at Svandalsfossen blei heilt stengt laurdag formiddag, får nå bilar passere. Det er på grunn av store vassmengder at fossen blei stengt. I tillegg meldte politiet at det kom steinar ned vassmengdene.

NCC Roads, som har vegvedlikehaldet på fylkesvegane i Sauda, er på staden og vurdere situasjonen. Dei opplyser til Ryfylke klokka 11 laurdag formiddag at situasjonen blir vurdert fortløpande.

Bilistar som vil kjøre Fv 520 til og fra Sauda laurdag og søndag må derfor rekne med venttid og at vegen gjennom Svandalsfossen vil vere heilt eller delvis stengt.