Fylkesveg 520 ved Svandalsfossen var heilt stengt laurdag kveld og gjennom natta.
– Klokka 11.30 fekk me melding om at vegen er heilt opna for trafikk. Det kan sjå ut som om vasstanden er avtagande, men me veit jo aldri heilt sikkert om den forblir opna permanent, seier operasjonsleiar Rune Plassen til Ryfylke.
Bilar fekk også sleppa gjennom eit par timar i forkant gjennom manuell dirigering.
Sauda var heilt isolert laurdag til søndag på grunn av dei store vassmassane i Svandalsfossen. Då det også kom stein og jordmassar ned fossen, blei det bestemt at vegen skulle permanent bli stengt fram til situasjonen bedra seg.