MISTA SUMMETONEN: Bebuarane i Hellandsbygd var utan både fasttelefon- og mobiltelefondekning frå 1. desember til i går, 7. desember. Formann i bygdautvalet, Ivar Johannes Handeland, meiner slike langvarige telefonbrot er totalt uakseptable. (Foto: Ingvil Bakka)

Mangla telefondekning i over ei veke

Bebuarane i Hellandsbygd kunne verken bruka fasttelefonar eller mobiltelefonar i sju heile dagar.

– Eg stokk skikkeleg når telefonen ringte nå. Du er den første eg har snakka med i telefonen her på over ei veke, seier Ivar Johannes Handeland, formann i bygdautvalet i Hellandsbygd, då Ryfylke kontakta han i går, måndag, midt på dagen.

Etter det Ryfylke kjenner til skal Hellandsbygd ha mista all form for telefondekning om kvelden søndag 1. desember. Først i går, ei dryg veke seinare var det liv i telefonane igjen. Verken fasttelefonar eller mobiltelefonar har hatt dekning den siste veka.

Ivar Johannes Handeland fortel at han og familien har valt å behalda fasttelefonen sin, grunna dårleg og varierande mobildekning i Hellandsbygda.

– Men når begge deler ryker, sit me skikkeleg i klisteret. Men me har hatt internett. Det har derfor vore verst for dei eldre, som er dei som har ”øst seg mest opp” denne veka. Men beredskapsmessig er dette så klart heilt uakseptabelt for oss alle, seier Handeland.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.