STENGTE VEGEN: Laurdag blei Fylkesveg 520 ved Svandalsfossen stengt på grunn av store vassmengder. (Foto: Frank Waal)
STENGTE VEGEN: Laurdag blei Fylkesveg 520 ved Svandalsfossen stengt på grunn av store vassmengder. (Foto: Frank Waal)

Mislikar isolasjonen

Saudaordføraren meiner Sauda ikkje kan leve med bare éin heilårsveg på lang sikt. I helga blei saudasamfunnet på nytt isolert.

Dei kraftige nedbørsmengdene i helga førte på nytt til at Fylkesveg 520 ved Svandalsfossen blei stengt. Frå laurdag til søndag var Sauda totalt isolert, då Fv 520 mellom Sauda og Røldal alt var stengt.

Saudaordførar Asbjørn Birkeland var raskt ute på Facebook og uttrykte at han er svært ukomfortabel med at saudasamfunnet blir isolert på denne måten.

– Sauda er nok ein gong isolert frå omverda vegmessig. Det er ikkje ein situasjon Sauda kan leva med på lang sikt. Sauda treng ein ny veg inn og ut av bygda. Direkte påkobling til den nye hovudvegen aust/vest, E134, via tunnel mot Etne vil løyse desse problema for Sauda, uttrykte Birkeland.

(Saka held fram under videoen)

Svandalsfossen from LL Ryfylke on Vimeo.

Nyleg gjekk politikarar i Vindafjord ut i media og sa dei heller ville kjempe for oppgradering av Fv 46 mellom Ropeid og Knapphus/Ølen, istaden for veg mellom Sauda og Etne. Vindafjordpolitikarane meinte dei hadde Suldal med seg i dette synet.

Saudaordføraren er skuffa over at kommunenaboane ikkje støttar saudasamfunnet i kravet om ein ny heilårsveg ut av kommunen.

– Detta må også naboane våre forstå, og dei bør vera med å hjelpa Sauda og kjempa fram denne vegen, meiner Birkeland.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.