Når Frelsesarmeens Thorbjørn Vang får utfolde seg i Sauda kyrkje, då veit du at det er kort tid igjen til jul. Og verken Thorbjørn Vang eller dei lokale musikkreftene i Sauda svikta då ei fullsett kyrkje feira 2. advent.
Sauda skulekorps opna konserten. Deretter overtok Sauda Barnegospel, Sauda Mannskor, Sauda Trekkspillklubb, Trøkk, Eirik Fosstveit på piano, før Sonor avslutta julekonserten.
Innimellom trakterte Thorbjørn Vang både trekkspel og piano og drog med seg heile kyrkja, både som planlagde programpostar og litt improvisering.
- THORBJØRN VANG: Tuva Moe Solbrekk (til venstre) og Sirin Tveit Garstad stod for lystenninga. Thorbjørn Vang stod for showinga.
- EIRIK FOSSTVEIT: Pianist Eirik Fosstveit framførte Fuge i a-moll av Bach.
- SAUDA MANNSKOR: Eli-Jorun Tangeraas steppa inn som gjestedirigent for Sauda Mannskor.
- SAUDA SKULEKORPS: Høg julenissefaktor i skulekorpset under julekonserten. Frå venstre: Kristin Amdal, Vibeke Rød, Esmeè Vermeulen og Connor Nelson. Helen Djuvik sit bak.
- JULETRØKK: Koret Trøkk og dei andre lokale musikkreftene stod for julestemninga i Sauda kyrkje søndag.
- SONOR: Julekonserten fekk ein solid avslutning med Sonor og dirigent Nils B. Vold.