– Foreløpig er me på ”ryktestadiet”. Me er gjort kjent med at det er to personar som kan ha noko å gjera med oppskytinga av nødrakettane, seier lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.
Det var måndag ettermiddag, rundt klokka 17.20, at det blei observert tre nødrakettar i fjellområda i Svandalen. Observasjonen blei meldt til politiet, som igjen varsla Hovedredningssentralen på Sola.
Eit Sea-King-helikopter med lyskastar blei deretter sendt inn til Sauda for å undersøka om det var folk i nød i det snødekte fjellområdet. Også det lokale Røde Kors deltok i leitinga. Det blei ikkje gjort funn, og leite- og redningsaksjonen blei avslutta like rundt klokka 20 same kveld.
Lensmann Fisketjøn Indrebø fortel at politiet vil følga opp tipset dei har mottatt og at dei vil avhøyra dei to mennene i næraste framtid.
– Foreløpig er det ikkje oppretta ei formell sak, men me jobbar vidare for å undersøka den informasjonen me har fått, seier ho.
Utrykkinga til den falske nødmeldinga i Svandalen kostar over 400 000 kroner.
Sea-King-helikopteret var ute på oppdraget i Sauda i litt over to timar. Kor mykje ein slik aksjon kostar vil ikkje redningsleiar Cecilie Øversveen spekulera i, men i ein NRK-artikkel i 2014 blei det slått fast at kvar einaste flytime med eit Sea King-redningshelikopter kostar 200 000 kroner.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.