Alternativ løysing

Ein utflytta saudabu har spelt inn eit alternativt forslag til glas-/stålveggen den tidlegare ordføraren ønska.

Den utflytta saudabuen Paul Meldahl har kontakta Statens vegvesen med ei alternativ løysing for korleis ein kan løyse utfordringane rundt Svandalsfossen og Fylkesveg 520 ved store nedbørsmengder.

Førre helg blei Sauda igjen isolert vegmessig då ekstremvêret «Synne» tvang fram stenging av vegen grunna det store fossefallet.

Meldahl foreslår å bruke ein naturleg overløpsbekk som går ned til fylkesvegen omlag 30 meter nærmare Sauda enn Svandalsfossen. I dag er vannføringa der redusert med ein enkel demning av betong og stein.

– Det slo meg då eg var på fototur ved fossen. Eg såg demninga, og det ser ut som om den er brukt for at fossvatnet aldri skal renne i overløpsbekken. Det var logisk, fordi dei slapp å bygge eit ekstra hol under vegen då dei bygde ny bru, seier Meldahl.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.