*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
IKKJE LENGER LEIAR: Frank Abelseth og Sauda sentrumsutvikling går kvar til sitt frå og med 2016. Då satsar foreininga på ei lokal leiarløysing. (Arkivfoto: Linda Merethe Lie)

Ferdig som sentrumsleiar

Frank Abelseth får ikkje fornya engasjementet som Sauda sentrumsutvikling sin leiar og stemme.

Konsulent Frank Abelseth har sidan Sauda sentrumsutvikling blei oppretta i januar i 2014 vore leiar og pådrivar for sentrumsutviklinga i Sauda.

Etter to år i jobben, har styret i Sauda sentrumsutvikling funne det riktig å avslutte samarbeidet. Abelseths engasjement som leiar er over frå 1. januar.

– Nå er tida for å ta eit nytt steg. Me ser for oss ei lokal løysing som er tett på dei mange prosessane i Sauda, og me er i forhandlingar med ein lokal aktør. Det viktigaste for oss er å sikre ei smidig og god drift av dei arrangement og driftsoppgåvene som ligg i Sauda sentrumsutvikling, seier styreleiar Ivar Bakka.

For to år sidan var det Abelseth, gjennom hans firma Vinnarskalle AS, som gjorde analysen av Sauda sentrum. Det var denne analysen som tilrådde firma, butikkar og andre pådrivarar om å samle seg i ein ny sentrumsparaply og jobbe for å gi handelsnæringa og sentrum eit løft. Prosessen gjorde også at Sauda Handelsforening trappa ned.

– Eg har hatt ei veldig fin tid, og eg synest me har fått til veldig mykje bra. Dette kjem ikkje overraskande på meg. Me har vore fleksible og aldri hatt nokon langsiktig avtale, mellom anna fordi det har vore uvisse rundt finansieringa frå neste år av, seier Abelseth.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.