Då konfransier Line Hoftun Amdal entra scenen torsdag ettermiddag kunne ho ønska ein nesten fullsett kinosal velkommen til kulturskulen sin andre julekonsert.
I salen sat også fleire asylsøkar-familiar som hadde stilt opp for å sjå borna i Sauda kulturskule framføra sine musikalske og kulturelle talent. Det var lagt opp til eit variert program, med både korps, gitarspel, solosang, pianospel og eit lite teaterstykke.
Alle borna, i alderen 7 til 18 år, viste både talent og sjarm under opptredingane. Spesielt solistane, Julie Solbakken, Amber Vermeulen og Anna Løyning, imponerte stort med sine songframføringar.
PIANO: Johannes Frøystad er ein av pianoelevane i kulturskulen. Han spelte songen Milionga del Angel”. (Foto: Ingvil Bakka)
KORPS: Sauda skulekorps og Vibeke Rød og Connor Nelson opna konserten med ”Vi tenner våre lykter og ”Hawaii 5-0”. (Foto: Ingvil Bakka)
GITAR: Celine Foss Holen og Erik Nelson deltok i gitargruppa som framførte songen ”Tenn lys” av Sigvald Tveit og Eivind Skeie. (Foto: Ingvil Bakka)
SONG: Amber Vermeulen imponerte med si vakre stemme under songen ”When x-mas comes to town”. (Foto: Ingvil Bakka)
DRAMA: Teatergruppa framførte stykke om Askepott. Frå venstre: Ane Schibebvaag Søndenå, Julia Sulen Nødland, Live Haga, Jessica Søndenå, Signe Selvik, Hedda Nødland Tomassen og Birthe Hølland. Mia Hillestad Mo spelte rolla som Askepott (ikkje på bildet). (Foto: Ingvil Bakka)