Ryfylke har driftsavtalen som Hero og Utlendingsdirektoratet signerte andre veka i november. Den viser at Hero kvart år vil motta totalt 10,8 millionar kroner for å drifte 150 mottaksplassar i Sauda.
3,36 millionar kroner skal dekke husleige for asylsøkarane og 7,5 millionar kronar skal dekke driftsutgiftene til Hero.
Dersom UDI også bestemmer seg for å sende 30 asylsøkarar ekstra til Sauda, slik avtalen gir rom for, vil Hero motta ytterlegare 1,2 millionar kroner i året. Kontraktens totale verdi er i så fall på 12 millionar kroner i året.
For desse pengane er Hero forplikta til å skaffe bustad til asylsøkarane og betale straum og internett. Bustadane skal vere fullt møblerte. I tillegg må Hero løne sine sju lokalt tilsette for at drifta av det desentraliserte mottaket skal gå rundt. Hero leiger i tillegg kontorlokale til sin Sauda-administrasjon.
Asylsøkarane mottar også eit fast beløp kvar månad, men dette er det UDI som betaler.
For å drifte det desentraliserte asylmottaket i Sauda mottar Hero 7,5 millionar kroner. Hero har sju lokalt tilsette. Inkludert sosiale utgifter har Hero truleg nær 3,5 millionar kroner i totale lønsutgifter i Sauda.
I tillegg har Hero truleg 300-400 000 kroner i årlege leigeutgifter og ulike kontor- og driftsutgifter.
På toppen av reknestykket kjem årlege utgifter til sentraladministrasjonen og oppstartsutgifter Hero har hatt for å etablere eit desentralisert asylmottak i Sauda. Det er på driftssida Hero har mulegheit til å gå med overskot.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.