Parallelt med at det blei klart at Frank Abelseths engasjement som sentrumsleiar blir avslutta ved utgangen av dette året, har Sauda sentrumsutvikling jobba for å få på plass ein ny i rollen.
Nå er det klart at dagleg leiar i Sauda Ferie & Fritid, Ragnar Fosstveit, tar over ansvaret som sentrumskoordinator etter Abelseth.
Sentrumskoordinatorens viktigaste arbeidsoppgåver blir å saman med butikkane og bedriftene sikre og styrke satsinga på dei åtte arrangementa Sauda sentrumsutvikling er sentrale i.
Fosstveit og Sauda Ferie & Fritid skal også jobbe for å halde ein raud tråd gjennom året og systematisere arbeidet med arrangementa overfor foreiningas styre og medlem.
– For butikkane har det vore veldig mykje dugnad med arrangementa. Me håper å ta vekk litt av presset og gi dei meir tid til å drive butikk. Dei kan ikkje leve av arrangementa, det viktigaste er det som skjer i mellomtida, seier styreleiar i Sauda sentrumsutvikling, Ivar Bakka.
For Fosstveit og Sauda Ferie & Fritid er ikkje jobben ny. Dei har tidlegare hatt ei liknande rolle for Sauda Handelsforening.
– Me skal jobbe for å lage ein heilskapleg profil for Sauda der me drar i same retning. Det er mange spanande prosjekt i Sauda, og me ønsker å kople sentrum og butikkane til dei, til dømes Almannajuvet og nasjonal turistveg, seier Fosstveit.