*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KASTFOSS: Det var enorme krefter i sving då Storelva var på sitt største søndag føremiddag. (Foto og video: Frank Waal)

Sjå video: Gjennomvåt jul

I helga flauma Storelva over. Dei nærmaste dagane kan det bli endå meir vatn.

Både på Tangen og på gangvegen nær Kastfoss og ved vassfabrikken inn mot Lona flauma Storelva i helga over. Beredskapsansvarleg i kommunen, Jostein Overskeid, fortel at ein difor har stengt gangvegen og sett opp varsel for folk som går i området.

– Det er førebels svært lite skadar. Det er ikkje observert eller meldt inn alvorlege skadar, men me må sjå etter igjen når vassføringa går ned, forklarer Overskeid.

Kva tid vasstanden går betydeleg ned er uvisst. Dei neste dagane skal det kraftige regnvêret helde fram, heilt fram til 2. juledag, ifølge Meteorologisk institutt sitt vêrvarsel.

Saudefaldene regulerer Storelva ved å tappe magasina som gir vatn til elva når vassføringa er låg og halde igjen og fylle magasina når vassføringa er høg.

Direktør ved Saudefaldene, Svein Ilstad, seier at dei trur mange av magasina vil gå fulle i løpet av dei neste dagane, fram mot 2. juledag.

– Det er vanskeleg å seie akkurat kva det vil bety. Men om ein får det likt som i helga, like mildt, like mykje regn, like store tilsig og likje mykje snø som smeltar, så vil me få ein del meir vatn i Storelva, seier Ilstad.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.