I SAUDA: Den afghanske familien Ihrari håper på opphaldstillatelse i Norge. Frå venstre: Hamim, Abdal, Ismal, Soorah, Deljan og Maidah. (Foto: Frank Waal)
I SAUDA: Den afghanske familien Ihrari håper på opphaldstillatelse i Norge. Frå venstre: Hamim, Abdal, Ismal, Soorah, Deljan og Maidah. (Foto: Frank Waal)

Trudde dei skulle drukne over Middelhavet

I ein fullstappa båt over Middelhavet frykta familien for sine liv. Etter ei 24 dagars reise gjennom 13 land er dei nå i Sauda.

For to veker sidan kom den afghanske familien på seks til Sauda. Då dei bestemte seg for å flykte frå Afghanistan skulle det ta 24 døgn før dei nådde Norge. Den mest dramatiske etappen var over Middelhavet.

Frykta for Taliban oppgir familien som årsaka til at dei flykta frå Afghanistan.

– Taliban drepte onkelen min og 20 andre personar. Etter kvart begynte Taliban å presse oss for pengar og truge med å drepe oss, seier 13 år gamle Hamim Ihrari.

Han fungerer som familiens tolk når dei snakkar med Ryfylke. Han snakker svært godt engelsk, men har aldri lært engelsk på skulen.

– Eg såg amerikanske filmar på tv. Mi mor meinte det kunne vere nyttig at eg lærte engelsk. Eg begynte å øve på eiga hand, pugga verb og øvde på uttalen gjennom å sjå filmar, seier 13-åringen, som i tillegg snakkar fem andre språk.

Også den elleve år gamle søstera hans har opparbeida seg gode engelskkunnskapar.

Dei to yngste søskena hans er to og fem år gamle. Deretter fekk dei tatt seg over til Tyrkia.

I Tyrkia betalte dei pengar for å bli frakta over Middelhavet i ein ni meter lang, open båt.

– Me blei lova at det ikkje skulle vere meir enn 25 personar ombord i båten. Dei stuva omlag 50 vaksne og nær 25 barn i båten. Me frykta me skulle døy under båtturen. Både vaksne og barn gråt. Alle saman, seier Hamim.

Dei kom fram i live til ei gresk øy. Deretter starta ein strabasiøs tur frå den greske øya og gjennom ti nye land før dei nådde Norge.

Vil du lese meir og sjå kart over familiens reise? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.