*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
KLARE FOR FOTBALLFEST: John Hustveit (frå venstre) Nils Mathias Breivik, Øyvind Viland og Jon-Ola Espevik er i arrangementskomiteen for romjulsturneringa i fotball. Årets turnering 2. og 3. juledag samlar fleire lag enn på mange år. (Foto: Ingvil Bakka)

Inga jul utan innefotball

33 lag har meldt seg på årets romjulsturnering i Saudahallen.

– Me går mot den størte deltakinga på fleire år. Nå håpar me at publikum stiller opp også i år. Juleturneringa i Saudahallen er jo ein viktig tradisjon i Sauda, seier John Hustveit, leiar i fotballgruppa i idrettslaget.

Sauda idrettslag arrangerer kvart år ei innandørs fotballturnering i Saudahallen.

Romjulsturneringa i fotball starta, ifølge Sverre Magnus Sivertsen, i turnhallen på slutten av sekstitalet, og blei seinare flytta over til Saudahallen, som stod ferdig i 1975.

– Det har nok iallfall vore juleturneringar i Sauda i 45 år. Eg kan ikkje hugsa at det nokon gong har vore avlyst, seier Sivertsen, som har hatt tilnamnet ”Mr. Juleturnering” med sine mange år på både arrangør-, spelar- og dommarsida. Også i år stiller 68-åringen opp som dommar i mange av kampane i Saudahallen.

Romjulsturneringa er for mange blitt like viktig i jula som pinnekjøt, ribbe og julegåver. Likevel, det er ikkje til å stikke under stol at talet på deltakande seniorlag har gått noko ned dei siste ti åra.

Innføringa av eigne juniorklassar dei siste åra har likevel bidratt til at romjulsturneringa har halde eit bra deltakar- og publikumstal.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.