30 år med glede i glas

Kvartetten har vore med sidan SI-Glass starta opp i 1985, men lite visste dei om medaljen for lang og tru teneste som venta frå Norges Vel som ei førjulsgåve.

Det var i førre veke at Helen Stålesen, Torfinn Fosstveit, Tor Klimek og Terje Risvoll blei overraska på arbeidsplassen dei har brent for i 30 år. Plassjef ved Saint-Gobain Bøckmann AS avdeling Sauda, Lars Sigve Søndenå, gjorde ære på kvartetten med medaljen for lang og tru teneste frå Norges vel.

Den kunne han gi som ein følge av at dei alle har jobba i bedrifta utan stopp i 30 år.

– Me set veldig pris på den stabiliteten dei har gitt oss, og all erfaringa deira er unik. Dei er fantastiske ressursar som står på kvar dag, seier Søndenå.

Totalt var dei sju som fekk sviv på det som blei kjent som SI-Glass, med god hjelp frå to haugesundarar og dåverande ordførar Jan Edvin Birkeland. I tillegg til firkløveret var Sigurd Nordlie, Martha Øvrebø og Ola Daniel Tveit med frå starten av i 1985.

– Det var heilt tomt i hallen då me starta, og me måtte montere alt av utstyr og maskinar. Me starta sjølve produksjonen først i 1986, seier Klimek.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.