Vil by på attraktiv rundtur

Sauda, Suldal og Røldal går saman for å gjere regionen meir attraktiv for turistar. Eitt av resultata håper dei skal vere 20 prosent fleire besøkande.

Tidlegare denne månaden sende Sauda og Suldal Vekst ei skisse til fylkeskommunen kor dei skildrar eit samarbeid mellom Røldal, Suldal og Sauda om ein arkitektrundtur i regionen. Den vil til dømes inkludere Almannajuvet og stavkyrkja i Røldal.

Det vil ein gjere ved å bruke vegstrekninga Sand-Røldal-Sauda. Hensikta er å lokke fleire turistar til regionen.

Dagleg leiar i Suldal Vekst, Laila Steine, fortel at skissa, kor ein mellom anna drar fram eit mål om å auke besøkstala ved dei forskjellige attraksjonane på rundturen med 20 prosent, nå er godkjent.

– Me begrunner det med at me ser eit aukande besøkstal i Ryfylke. Me har talfesta det basert på statistikk og tal som det er gjort ein grundig jobb med, seier Steine.

I skissa til prosjektet er Svandalsfossen, Høsebrua i Suldal, Almannajuvet nokre av attraksjonane som er trukke fram som naturlege stopp på rundturen. Målet er å gjere dei meir attraktive for turistar og besøkande.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.