*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
AVVIKLAR DRIFTA: Companiet stenger snart dørene for godt. Tilsett Liv Torill Halland (til venstre) og dagleg leiar Åse Marie Egeland Aartun forlet snart lokala som har vore arbeidsplassen deira i fleire tiår. (Foto: Ingvil Bakka)

Companiet legg ned

Gåve- og interiørbutikken i Sauda sentrum stenger dørene i løpet av våren.

– Rykta stemmer. Me legg ned butikken. Tanken om å legga ned har vore ein lang prosess, og eg ser det ikkje lenger som muleg å fortsatt driva butikken i den forma eg gjer i dag, seier Åse Marie Egeland Aartun, dagleg leiar i gåve- og interiørbutikken Companiet.

Butikken har i dag tre tilsette, i tillegg til Åse Marie Egeland Aartun. Dei tilsette fekk oppseiingsvarsel i oktober og skal såleis jobba ut januar månad.

Etter dette vil Åse Marie Egeland Aartun og mannen Kjetil Aartun driva butikken mot ei styrt avvikling i løpet av våren. Foreløpig er det ikkje sett ein sluttdato for butikken.

­– Det er klart det er vemodig. Kontakten med kundar og kollegaer vil eg verkeleg sakna, seier Egeland Aartun.

Åse Marie Egeland Aartun, opphaveleg frå Vea, starta som 21-åring alt muleg-butikken Spareland midt i Sauda sentrum i mars 1990. Foreldra hennar hadde bare halvåret i førevegen starta Spareland-konseptet med etableringa av ein butikk på Karmøy.

I oktober 2012 skifta saudabutikken, som hadde endra seg frå ein lågprisbutikk til ein meir eksklusiv gåve- og interiørbutikk, namn frå Spareland til Companiet.

Egeland Aartun innrømmer at butikken har vore god business i dei nær 26 driftsåra. Likevel, omsetningspila har stadig peika meir og meir nedover dei siste åra.

– Som i mange andre bransjar er det også for tida tøft i interiørbransjen. Dei siste åra har det kome mange nye aktørar på marknaden. Dei store kjedane blir sterkare og handelen på nett aukar. Folk reiser mykje, og verda er blitt mindre. Alt dette har gjort at handlemønsteret til folk har endra seg veldig, seier ho.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.