Regnet og dei store nedbørsmengdene gjer det naudsynt med manuell dirigering av trafikken ved Svandalsfossen. Bildet er frå ein regntung dag tidlegare. Arkivfoto.
Regnet og dei store nedbørsmengdene gjer det naudsynt med manuell dirigering av trafikken ved Svandalsfossen. Bildet er frå ein regntung dag tidlegare. Arkivfoto.

Desember for historiebøkene

Var du ein av dei som syntest at desember var trasig med mykje regn og mildt vêr? Statistikken gir deg heilt rett.

Desember hadde uvanleg mykje regn i Sauda. Det blir stadfesta av nedbørsstatistikken. Målestasjonen i Sauda registrerte 538,4 millimeter nedbør i desember. Det er meir enn dobbelt så mykje som normalt i desember.

Ifølge meteorologisk institutt er normal nedbørsmengde i desember 253 millimeter i Sauda. Den normale nedbøren er basert på tal frå 1960 og fram til i dag.

Hadde all nedbøren komme som snø, ville det lava ned nesten 5,5 meter med snø i månaden som gjekk. Det er Saudefaldene som registrerer målingane i Sauda.

– Det er enormt. Normalen i desember er også våt, så 538 millimeter er veldig mykje. Eg trur me har vore borti liknande før, men då har det vore dei typiske haustmånadene som har vore veldig våte, seier Jone Tveitane ved driftssentralen til Saudefaldene.

Det var også i desember at fjorårets mest regnvåte dag fann stad. 21. desember kom det 62,2 millimeter nedbør, som var klart meir enn dei 45,9 millimeterane frå 29. januar som var årets srekord før den siste månaden.

– Det var til dømes dagane med ekstremvêret Synne som gav ein solid dose nedbør. At den totale nedbøren er godt over normalen gjeld også for større delar av Rogaland og til dels resten av Vestlandet, seier meteorolog ved Meteorologisk institutt, Trond Thorsteinsson.

I desember var det òg langt varmare enn vanleg. Snittemperaturen på 3,6 grader var 4,3 grader varmare enn det som blir rekna som normaltemperaturen for månaden.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.