Starta ny bilverkstad

Ein ny bilverkstad opna dørene i Sauda på måndag.

B&B Bilverksted heiter det nye firmaet som dukka opp frå intet. To bilmekanikarar er alt i full sving på Birkeland.

– Det er marknad for meir enn éin godkjent bilverkstad i Sauda. Det er sunt med konkurranse, seier Haroldas Bliuvas.

Bliuvas er eigar av den nye bilverkstaden saman med Paul Inge Bergsbakk. Dei eig også bygningsmassen til den nye bilverkstaden på industriområdet på Birkeland. Men dei to eigarane vil ikkje stå for den daglege drifta.

Haroldas Bliuvas driv til dagleg byggfirmaet Hb-Bygg, medan Bergsbakk blant anna driv Bergsbakk Maskin som eit enkeltmannsforetak, i tillegg til at han arbeider i Nordsjøen.

Bliuvas og Bergsbakk opplyser at dei starta planlegginga for eitt år sidan og at dei nå har alle godkjenningar til å drive ein godkjent verkstad som også kan utføre EU-kontrollar.

– Det er erfarne og flinke mekanikarar me har tilsett, seier Bliuvas, og legg til at dei ikkje kan utføre EU-kontroll før eit stykke ut i neste veke.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.