Utset Statkraft-avgjerd

Arbeidsgruppa i storselskapet er ikkje ferdige med å vurdere kva alternativ dei vil gå for med tanke på driftssentralen i Sauda.

Då Statkraft i haust vedtok å slå saman Region Vest og Region Øst til ein felles region, varsla regiondirektøren, Per Are Hellebust, at Statkraft i Sauda og Dalen kanskje skal slåast saman.

Hellebust håpa i haust at arbeidsgruppa som tar stilling til ei mogleg samlokalisering skulle ha klar ei tilråding før 1. januar.

Men sjølv om kalenderen har bikka nyttår, er det uvisst kva arbeidsgruppa vil konkludere med. Dei jobbar framleis med saka, og ein konklusjon er venta i løpet av vintermånadane.

Regiondirektør Hellebust vil ikkje å seie noko om kva Statkraft vil legge vekt på når avgjerda skal tas.

– Samanslåing av aust og vest vil bidra til å styrke og utvikle Statkrafts kompetanse og konkurransefortrinn innan drift og vedlikehald av kraftverk. Det er bra for alle som jobbar i Statkraft, seier Hellebust.

På Statkraft i Sauda er det 47 tilsette. I haust spekulerte Ryfylke i at ei samlokalisering kunne gjelde alle arbeidsplassane i Sauda eller Dalen.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.