Tredje- og fjerdeplass i uttaksrenna i randonee i desember gav Glenn Tore Løland plass på det norske laget som skal konkurrere i EM i Sveits den første helga i februar. Randonee er kort forklart å bestige og køyre ned fjelltoppar på ski så raskt som mogleg, i Sogndal
25-åringen får også sjansen i verdscupen i Italia helga før meisterskapet som ein følge av dei gode prestasjonane i Sogndal.
– Det var stort å bli tatt ut. Eg hadde vel rekna med det med tanke på at plasseringane skulle vere gode nok til å få vere med, men det var godt å få det bekrefta, seier Løland.
Som ein del av oppkøyringa reiser han saman med andre norske løparar på høgdesamling i Gressoney i Italia alt i neste veke. Gressoney er omtrent 1 600 meter over havet med ruvande fjelltoppar og gode moglegheiter for skikøyring rundt seg.
I den italienske landsbyen skal Løland førebu seg best mogleg på hans internasjonale debut.
– Målet for både verdscupen og EM er å gjere det så godt som mogleg. Det er vanskeleg å ha noko konkret resultatmål, for eg har ikkje følt på nivået i EM og verdscup før, forklarer Løland.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.