Slutt for Far’s vilje

Frå og med denne månaden leiger Hero heile Far’s vilje-bygget. Eigar Kristian Hystad stadfester at kaféen ikkje opnar igjen.

I november skreiv Hero ein avtale med Kristian Hystad om å leige Far’s vilje-bygget og bruke det som arbeidsplassen for dei tilsette ved Sauda mottakssenter.

I eit brev til kommunen i førre veke seier Hystad, på vegne av Visanta as som dreiv Far’s vilje-kaféen, opp skjenke- og serveringsløyve. Han stadfester at det er slutt på kafédrifta.

– Det svarer seg ikkje å drive noko her inne i Sauda. Det er kjedeleg, men eg kan ikkje leke butikk og halde noko ope når det ikkje svarer seg økonomisk. Det gjeld heilt sikkert for andre butikkar i Sauda, seier Kristian Hystad.

Difor har han leigd ut også den første etasjen i bygninga til Hero. Kaféen stengde dørene i midten av november. Då gav den inntrykk av å skulle opne igjen, etter at lokala Sauda mottakssenter bruker i andre etasje var pussa opp og ting kom på plass for dei.

Sauda mottakssenter har sidan dei flytta inn sett at dei trong fleire lokale til oppgåvene dei vil utføre.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.