Brødrene Selvik permitterer

Færre oppdrag gjer at sju tilsette hos bygg- og anleggsfirmaet er permittert frå og med denne veka.

Vintermånadane er tradisjonelt utfordrande for bedriftene i bygg- og anleggsbransjen. Så også for Brødrene Selvik, som i går, måndag, permitterte sju tilsette.

– Det er mangel på arbeid som gjer at me må permittere. Me har nokre oppdrag, men akkurat nå har me ikkje nok jobb til alle på kort sikt, seier dagleg leiar i Brødrene Selvik, Leif Inge Løland.

Firmaet har totalt rundt 40 tilsette. Førre vinter permitterte dei to arbeidstakarar som kom tilbake etter nokre veker. Også i år satsar firmaet på å hente tilbake dei som nå er permitterte.

– Me ser føre oss at dei er tilbake utover våren. Me kan ikkje gi garantiar på det, det har me ikkje ordrereserver til, men det er heilt vanleg. Det er ikkje nokon dramatikk i dette, framhevar Løland.

– Kan fleire bli permitterte dei neste vekene?

– Me vurderer situasjonen frå veke til veke. Det kan bli trappa opp, men det kan også vere at me hentar folk tilbake frå permittering. Me må uansett setje tæring etter næring og tilpasse oss marknaden.

Saudafirmaet er i gang med sitt 49. driftsår etter at Nikolai og Olav Selvik starta bedrifta i 1967.

Bedrifta har alltid satsa mot den lokale marknaden og jobbane som er tilgjengelege i særleg Sauda og Suldal.

Nå merkar dei at det er krevjande tider generelt i bransjen. I desember gjekk til dømes Risa, Stangeland Maskin, Rygg Maskin, Bjelland Entreprenør og Nordbø Maskin saman i sørfylket om ei pressemelding kor dei varsla om permitteringar.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.