45 saudafødslar i 2015

Inkludert tilflyttarar budde det ved årsskiftet 51 barn født i 2015 i Sauda.

– Ein liten stigning. Me går iallfall rette vegen, konstaterer jordmor Torunn Djuvik.

Fødselstala til Sauda har svinga veldig opp gjennom tidene. I ein periode tidleg på 2000-talet var tala godt nede på 30-talet fleire år på rad, og mange frykta for nedleggingar av både skuleklassar og skular når barnekulla ville nå skulealder.

Også i 2011 var fødselstalet lågt, med bare 37 barn. Men året etter, i 2012, fauk talet heilt opp i 53 barn. I forfjor var talet derimot 42. I dei lokale jordmødrene sine papir er det registrert 45 saudafødslar i 2015.

– I tillegg har det flytta seks barn født i 2015 til Sauda. Dermed er me oppe i 51 2015-årgangar, seier Djuvik.

Jordmødrene i Sauda har også fødde vanvikbarn i sine papir. Sidan dei er suldøler er desse to nye vanvikborgarane trekt ifrå saudatala som blir presentert for Ryfylke.

Når det gjeld dei 51 barnas kjønn er det ei jamn fordeling med 29 gutar og 22 jenter.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.