*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
GOD VINTER: AS Forskaling med dagleg leiar Alf Jostein Årtun har leigd inn tre personar denne vinteren som ein følge av jobbane dei har. Mellom anna gjer dei vintervedlikehaldet på fylkesvegane i området. (Foto: Even Emberland)

Rekordgod vinter for AS Forskaling

Entreprenørfirmaet leiger inn arbeidskraft om vinteren for andre gong sidan dei etablerte seg i 2006.

I bygg- og anleggsbransjen er vinteren oftast den mest krevjande årstida med tanke på å halde alle tilsette i sving med arbeid. Det er ikkje uvanleg at firma permitterer tilsette i nokre veker eller månader som ein følge av lite arbeid.

Til dømes såg Brødrene Selvik seg nøydd til å permittere sju tilsette tidlegare denne veka, i tillegg til at AS Forskaling og Ryfylke Bygg leiger inn arbeidskraft frå dei.

Hos AS Forskaling peikar pilene motsett veg, ifølge dagleg leiar Alf Jostein Årtun. Saudafirmaet har 21 fast tilsette, og nå har dei leigd inn tre personar for å få gjort jobbane dei har.

– Me har hatt bra vintrar tidlegare òg, men det er klart at dette er den største mengda med arbeid me har hatt på denne årstida. Me har også tidlegare leigd inn arbeidarar om vinteren, men ikkje i slik skala som nå, seier Årtun.

Bedrifta satsar på små og mellomstore oppdrag for å halde dei tilsette i virke. I haust skreiv AS Forskaling kontrakt som underleverandør på vintervedlikehaldet som ein følge av at NCC Roads vann anbodskonkurransen om vedlikehald av fylkesvegane i Indre Ryfylke. På dagar som onsdag, då snøen lava ned, er det fire-fem brøytebilar i sving samtidig.

Firmaet bygger også ut eit kraftverk på Vormestrand i Suldal kommune, har fleire hustomter på Sand dei skal starte på og eit leilegheitsbygg på Mogrend, i tillegg til fleire andre mindre og større jobbar i distriktet.

– Slik det ser ut auka me omsetnaden i 2015 med 40 prosent samanlikna med 2014. Oppdrag i Suldal står for rundt 30 prosent av omsetnaden. Det skjer mykje verdifull verdiskaping der, men det er ikkje tvil om at Sauda er hovudmarknaden vår, seier Årtun.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.