– Me vil jobba med denne saka utover vinteren og våren. Målet er å få til eit politisk vedtak i mai eller juni, seier rådmann i Sauda kommune, Wictor Juul.
To foreldre har tatt kontakt med kommunen og spurt om Sauda kan starta forsøk med leksefri skule. Kommunen har bestemt seg for å vurdera forslaget.
Rådmannen fortel at saka vil gå gjennom ein lang prosess før den kjem så langt som til eit politisk vedtak før sommarferien. Administrasjonen skal legga fram ei sak til politisk behandling, og Juul ser føre seg ein brei høyringsrunde.
– Det er heilt naturleg at foreldre og foreldreutval uttaler seg i ei slik sak, seier han.
Dei første som får mulegheit til å uttala seg om saka er Sauda ungdomsråd. Dei får saka på sitt bord i sitt første 2016-møte komande måndag.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.