For tre år sidan bestemte fylkespolitikarane at Sauda skulle bli den nye omstillingskommunen i Rogaland.
Tidlegare hadde Karmøy denne statusen, men Sauda overtok den, både på grunn av langvarig nedgang i folketalet og fordi ein stor del av arbeidsplassane var knytta til industri. Dette gjer Sauda sårbar dersom noko skulle skje med industriarbeidsplassane.
Så langt i omstillingsarbeidet meiner Innovasjon Norge at det blir gjort ein svært god omstillingsjobb i Sauda. Arbeidet som er utført i 2015 er evaluert og i rapporten heiter det:
«Omstillingsprogrammet i Sauda er blant de beste i Norge med hensyn til konkrete mål og metoder for måling. Potensialet for ytterligere gevinstrealisering anses som stort, og omstillingsbeløpet fra fylkeskommunen bør minst fordobles allerede i 2016.»
Med omstillingstatusen følger det også pengar for å utføre omstillingsarbeidet. Rogaland fylkeskommunes del i 2015 var éin million kroner. I rapporten blir det anbefalt at fylkeskommunen doblar dette beløpet.
I tillegg er Sauda kommune inne med ei 50 prosent stilling og Rogaland fylkeskommune inne med ein styreleiar i 20 prosent stilling. Omstillingsarbeidet mottar også ulike formar for prosjektstøtte.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.