*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
BÅTTRØBBEL: To saudalegar rakk ikkje å gå av på Ropeid, og hurtigbåten nekta å snu for å sette dei av då dei oppdaga kva som hadde skjedd. I etterkant beklager Norled at situasjonen ikkje blei handtert på ein annan måte. Her eit arkivbilde frå då båten var i Sauda. (Arkivfoto: Tone Jensen)

Forlatt på Sand

To saudalegar fekk beskjed om å overnatte på Sand då dei ikkje rakk å gå i land på Ropeid.

Då siste båt frå Stavanger til Sauda kom til Ropeid søndag for halvanna veke sidan, måtte passasjerane til Sauda gå i land. Busstransport er sett opp den siste delen av reisa på grunn av is i Saudafjorden.

To legar som arbeider i Sauda gjekk bak for å hente bagasjen då Ropeid blei ropt opp som neste stoppestad. Då dei oppdagar at landgangen går opp og døra går igjen, roper den eine legen at dei skal av.

– Me fekk til svar at det var vår feil dersom me ikkje var raske nok. Me fekk beskjed om at me fekk gå av på Sand og overnatte der, seier den eine passasjeren til Ryfylke.

Dei ønsker ikkje å stå fram med namn og forfølge saka vidare, men går med på at Ryfylke trykker historia og skriv at dei arbeider som legar i Sauda.

Norled beklager at situasjonen ikkje blei handtert på ein annan måte.

– Kapteinen har opplyst at anløpsprosedyren vart gjennomført på rett måte. I ettertid ser me likevel at kapteinen burde snudd båten og kjørt tilbake igjen då han vart gjort merksam på situasjonen. Særleg med tanke på at det blei ei svært lang ekstrareise for desse passasjerane, seier Janet Steine, trafikk-/operasjonsleiar for hurtigbåtar.

Steine opplyser at dei vil dekke utgiftene desse passasjerane hadde frå Sand til Sauda.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.