*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
JA TAKK TIL LEKSER: Ungdomsrådet vil ikkje at grunnskulen i Sauda skal kvitte seg med leksene. Dei meiner at lekser gir betre utbytte enn ein lenger skuledag. Bak frå venstre: Brynjar Listøl, Emil Dyre Jordal, Mahad Jamal Ibrahim, Henriette Sumstad, Aurora Skree Lofthus og Adrian Oddane. Framme sit leiar Simen Hansen Lunde og nestleiar Elin Storesund Brekke. Maja Sirén var ikkje til stades då bildet blei tatt. (Foto: Solfrid Handeland)

Ungdomsrådet vil ha lekser

Eit einstemmig ungdomsråd er mot ein leksefri skule frå hausten 2016.

Som Ryfylke skreiv i førre veke skal Sauda kommune vurdere å starte leksefri skule frå og med hausten av etter innspel frå to foreldre. Målet er å få til eit politisk vedtak i mai eller juni.

I går, måndag, var saka oppe til behandling i Ungdomsrådet. Der blei det einstemmig vedtatt at Ungdomsrådet er imot ein leksefri skule. Nyvald leiar, Simen Hansen Lunde, meiner mykje kan løysast med prioritering av tid blant ungdommar.

– Når ein kjem heim frå ungdomsskulen, set ein seg gjerne foran skjermen, et middag og går etter kvart på trening før ein blir sittande med lekser seint på kvelden. Då kan ein til dømes gjere lekser istadenfor å sitte på dataen, seier Lunde.

Det er ikkje alltid mogleg for elevar å gjere lekser på ettermiddagen. Ein kan trenge hjelp frå foreldra som kanskje ikkje kjem heim frå arbeid før det er kveld. Ei anna utfordring er heimar der foreldra har vanskeleg for å hjelpe.

– Då bør dei nytte seg av leksehjelpa som er etter skuletid. Me veit at det i dag er leksehjelp for 5.-7. klasse, og me har fått opplyst at det også er på ungdomsskulen. Vår oppfordring til vidaregåande er at dei kan tilby leksehjelp. Lekser er vanskeleg for mange.

– Kvifor vil de då ha lekser og ikkje lenger skuledag?

– Me meiner at lekser gir best effekt. Eg sjølv veit at eg lærer mykje av å gjere lekser heime etter ein liten pause frå skulen, og sånn føler heile rådet det, svarer leiaren av ungdomsrådet.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.