Mottaket fylles opp

126 asylsøkarar er kome til Sauda mottakssenter sidan 7. desember.

– Det har vore ei steinbratt læringskurve. Eg er superstolt av teamet, som har tatt utfordringane på strak arm. Me har måtta finna ut av ting sjølv, men har også eit godt nettverk og gode arbeidsverktøy i Hero å spela på, seier Kristin Hystad, dagleg leiar av Sauda mottakssenter.

Opprettinga av asylmottaket i Sauda skjedde på rekordtid på slutten av fjoråret. Det var i slutten av september det blei klart at driftsselskapet Hero ønska å etablera eit asylmottak i Sauda. I midten av oktober gav UDI klarsignal for planane, og i løpet av siste halvdel av november blei sju personar tilsett i Hero sin Sauda-administrasjon. Alt 1. desember var mottaket formelt i drift. Dei første asylsøkarane kom til Sauda måndag 7. desember.

– Den første veka kom det 53 personar. Etter dette har det kome nye asylsøkarar til oss jamt og trutt kvar veke. Unntaket var veke 53, i romjula, då hadde me ingen nye som kom, fortel Hystad.

Totalt er det nå 126 asylsøkarar i Sauda, åtte av desse har kome hit denne veka. Hystad fortel at asylsøkarane kjem frå dei fem landa Syria, Iran, Irak, Kuwait og Afghanistan, og snakkar språk som dari, arabisk, farsi, sorani (kurdisk) og kurmanji (kurdisk).

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.