– Det sterkaste inntrykket var å sjå kor stor fare folk utsette seg og familiane sine for – for å finna trygghet, seier Nils Jarle Sandanger.
2. januar reiste han og søstera Kristina Berge Nygård til Hellas for å bidra i hjelpearbeidet til den frivillige hjelpeorganisasjonen Dråpen i havet. Med på oppdraget var også ein annan saudabu som ikkje ønsker namnet sitt på trykk i avisa.
Måndag 4. januar starta dei si første arbeidsvakt på stranda på øya Lesvos – den eine av dei tre greske øyane der tallause båtar med flyktningar har gått i land i fleire månader nå.
Då saudabuane kom til Lesvos, snødde det. I løpet av veka på Lesvos opplevde dei temperaturar som varierte mellom to-tre og 18 plussgrader. Flyktningane som blei hjelpte i land var både klissvåte og iskalde etter den strabasiøse turen over havet.
Det er ikkje uvanleg at båtane er fullt opp med over det dobbelte av det dei er dimensjonerte for. Avstanden mellom Tyrkia og Hellas er bare 14 kilometer, men ein overfart på 30-45 minutt blir gjerne opptil fem timar lang i dårlege og overfulle båtar.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.