Fleire passasjerar som tar hurtigbåten mellom Sauda og Stavanger har opplevd at båten går før rutetida dersom den kjem til kai før tida.
Dette gjeld ikkje ved endestasjonane, men kan gjelde ved Ropeid eller på Sand, dersom båten skal vidare til endestasjonen.
Trafikk- og operasjonsleiar Janet Steine i Norled opplyser at båten skal bli liggande til kai dersom båten kjem for tidleg.
– Me skal følge rutetidene, også i dei tilfella me er for tidlege ute. Dette er normalt ikkje eit problem, men ta kontakt dersom dette skjer, seier Steine.
Ho opplyser at ho ikkje kjenner til at dette skjer, men forsikrar at alle slike henvendelser vil bli behandla.
– Me har ikkje fått slike klager som eg er kjent med, seier Steine.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.