*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FULLE HYLLER: Sa-Ngiam Manjit vil gjerne ha plass til fleire varer i butikken. Då treng ho meir plass, og difor håper ho å flytte til lokale i sentrum eller bygge på brakka Meaw's thaimat i dag held til i. (Foto: Even Emberland)

Meaw’s thaimat vil utvide

Suksess gjer at Sa-Ngiam Manjit satsar på å auke varesalet.

Sa-Ngiam Manjit, eller Meaw som ho kallast, vil bygge på brakka Meaw’s thaimat leiger, eller flytte inn i nye lokale i sentrum om ho finn noko som passar.

– Eg synest lokala er litt for små i dag. Det er litt for trongt. Eg har lyst til å ta inn fleire varer til butikken, i tillegg til at eg vil gjere kjøkkenet litt større, seier Manjit.

– Kva gjer du helst av å flytte eller bygge på dagens lokale?

– Det beste hadde vore å flytte til sentrum, men det kjem an på om det er mogleg å leige noko der og til kva pris. I sentrum kan eg ha plass til nokre bord slik at folk kan ete lunsjen eller middagen her om dei vil, smiler ho.

Om Manjit ikkje finn lokale i sentrum, er ho avhengig av at kommunen gir ho løyve til å bygge på brakka Meaw’s thaimat bruker i dag for å gjennomføre utvidingsplanane.

Manjit sende nyleg søknaden om utviding til kommunen.

– Kommunen er positive til søknaden, og me satsar på ei avklaring så kjapt som mogleg, slik at me eventuelt kan planlegge korleis det blir om eg utvidar og ikkje flyttar, seier ho.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.