Da Statkraft i haust slo saman Region Vest og Region Øst, blei det også varsla at ei samanslåing av funksjonar mellom Sauda og Dalen i Telemark ville bli vurdert.
Tidlegare har Sauda vore regionsenteret til Statkraft på Vestlandet, medan Dalen har vore regionsenteret for Austlandet.
Nå har Statkraft konkludert med at dei vil slå saman driftssentralane om natta. Driftssentralen i Sauda overtar ansvaret for all kraftproduksjonen til Statkraft i Sør-Norge nattetid.
– Det er eit betydeleg ansvar driftsentralen i Sauda vil få om natta. Vi snakkar om all kraftproduksjonen til Statkraft i Sør-Norge. Det er ein kraftproduksjon på omlag 20,5 TWh, seier den nye regiondirektøren, Per Are Hellebust.
Ifølge Hellebust vil ingen arbeidsplassar i Sauda bli ramma av samanslåinga av dei to regionane.
Dalen vil miste nokre arbeidsplassar på driftsentralen sidan dei mistar ansvaret for nattproduksjonen. På dagtid vil Dalen fortsatt ha bemanna driftssentral sju dagar i veka.
Vil du lese meir? Sjå avisa på fredag.