– Me har vunne serien alt, sjølv om to kampar gjenstår, seier Jan-Otto Kanestrøm, leiar av Sauda Turnforening sitt innebandylag.
Komande søndag blir det spelt tre kampar i Sauda si pulje, ”2. divisjon, nord”, i Saudahallen. Sauda, som toppar tabellen med ti sigrar og 30 poeng, skal møta Kolnes 1, som ligg på fjerdeplass i tabellen som tel fem lag.
Sauda Turnforening stilte for første gong lag i innebandyserien i sesongen 2008/2009, og vann også den gong serien. Etter dette har dei vunne serien tre gonger til.
Dei tre gongene andre lag har toppa tabellen, har Sauda hamna på andreplass. Ein gong mista dei førsteplassen på grunn av målforskjell.
Også i fjor vann Sauda serien, men då var poenga i toppen langt meir jamne enn dei er i år. Så langt i sesongen har Sauda vunne alle sine ti spelte kampar og har dermed 30 poeng. Lag nummer to på tabellen er IL Sand 1, som har 13 poeng med åtte kampar spelt.
– I fjor kolliderte det ofte med skiftarbeid og nordsjøturnusar. I år har det klaffa betre, og me har fått stilt med gode lag i kampane, seier Kanestrøm.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.