SER MOT SAUDA: Jørpeland-firmaet Aktiv Eiendomsmegling har i ti år operert i Ryfylke. Nå vil dei etablere seg i Sauda. Her ved dagleg leiar Marianne Torbjørnsen. (Foto: Frank Waal)
SER MOT SAUDA: Jørpeland-firmaet Aktiv Eiendomsmegling har i ti år operert i Ryfylke. Nå vil dei etablere seg i Sauda. Her ved dagleg leiar Marianne Torbjørnsen. (Foto: Frank Waal)

Bygger seg opp i Sauda

Aktiv Eiendomsmegling ønsker å bli meir aktive i Sauda.

Aktiv Eiendomsmegling er i dialog med Sauda Vekst om å leige kontorplass i Sauda.

– Me ønsker å bli den største aktøren innan eigedomsmekling i Sauda, seier dagleg leiar Marianne Torbjørnsen.

I dag er det ingen eigedomsmeklarar som har eit eige kontor i Sauda. Eigedomsmarknaden i Sauda blir dekt av eigedomsmeklarar utanfor kommunegrensene.

– Kanskje på sikt vil me etablere eit eige kontor i Sauda, men per i dag vil me leige kontorplass i Sauda. Der har me også mulegheit å leige møterom, opplyser Torbjørnsen.

Eigedomsmeklarfirmaet ho leiar blei etablert for ti år sidan og har hovudkontor på Jørpeland i Strand kommune.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.