VALDE SAUDA: Regiondirektør Per Are Hellebust opplyser at det var vanskeleg å velge kva driftssentral som skal få ansvaret for nattproduksjonen. (Foto: Frank Waal)
VALDE SAUDA: Regiondirektør Per Are Hellebust opplyser at det var vanskeleg å velge kva driftssentral som skal få ansvaret for nattproduksjonen. (Foto: Frank Waal)

Derfor valde Statkraft Sauda

Regiondirektør Per Are Hellebust skildrar det som eit vanskeleg val.

Då Statkraft i haust slo saman to regionar til ein felles region som dekker heile Sør-Norge, var det knytta stor spenning til om Sauda ville miste arbeidsplassar. Nå har Statkraft konkludert med at driftssentralen i Sauda består, medan driftssentralen i Dalen i Telemark skal vere ubemanna om natta.

Les også: Statkraft har konkludert

Talet på leiarar er halvert i den nye strukturen. Tidlegare var det fire leiarar pluss regiondirektør i Region Vest og i Region Øst. I den nye strukturen vil Sauda få to leiarar: Tore Småmo som produksjonssjef og Jarle Solbakken som prosjektsjef. Dalen får leiarstillingane teknikksjef og økonomisjef.

Den nye leiarstrukturen betyr at Tore Småmo blir produksjonssjef for anlegga som regionalt både tilhøyrer Sauda og Dalen.

Det er ikkje opplyst når driftssentralen i Sauda overtar ansvaret for nattproduksjonen. Per Are Hellebust opplyser at det var innan eitt område Statkraft i Sauda scora høgare enn Statkraft i Dalen.

– Kompetanse og rekruttering blei vurdert som lik mellom Sauda og Dalen. Men det er større anlegg på vestsida og meir kontakt opp mot Oslo. Derfor fall valet på Sauda, seier Hellebust, og legg til:

– Dette er ikkje dei tilsette i Dalen einige i.

– Var det eit vanskeleg val å ta?

– Ja, det var veldig vanskeleg å ta dette valet. Men nå tar me ut effektiviseringsgevinstar gjennom samanslåinga av dei to regionane. Samtidig beheld me kvaliteten. Me får ein meir robust situasjon når me har ein produksjonssjef for heile den nye regionen, seier Hellebust.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.