– Me fekk meldinga om brannen klokka 17.50, fortel brannsjef Harald Eikrem.
Då Ryfylke var på staden i 18.40-tida, hadde brannvesenet fått sløkt flammane og var i ferd med ettersløkking.
Det var i garasjens andreetasje brannen hadde starta.
– Det var litt skummelt med tanke på at det var ein gassbehaldar nede i sjølve garasjen, men denne fekk me heldigvis berga vekk, forklarer Eikrem.
Den innreia andreetasjen over bilgarasjen er nå temmeleg brann- og vasskadd.
– I tillegg har taket fått skader, ettersom me måtte riva vekk taksteinar for å komma til, seier Eikem.
Det er foreløpig uklart korleis brannen starta.