*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
DDE: Trønderockegruppa kjem til Sauda i mai. Frå venstre: Frode Viken, Arnt Egil Rånes, Eskil Brøndbo, Bjarne Brøndbo, Bård Jørgen ”Bosse” Iversen og Eivind Berre. (Pressefoto: Marthe A. Vannebo)

Saudadag-konsertane i boks

Rockegruppa D.D.E blir det store trekkplasteret under årets Saudadagar.

– Arrangørane har masa på oss mange gonger, men i år klaffa det godt for oss, seier Eskil Brøndbo, bookingansvarlig og trommeslagar i D.D.E.

Brøndbo lovar at trøndebandet, med hitar som ”Vinsjan på kaia”, ”Rai-Rai” og ”Det går likar no”, vil skapa god stemning og liv og røre under konserten i storteltet ved Paviljongen.

– Me vil sjølvsagt spela dei gamle, kjente slagarane våre, men også låtar som er ganske nye for publikum. At det blir liv, kan eg garantera, seier Brøndbo.

Leiar i arrangementskomiteen for Saudadagane, Ragnar Fosstveit, kunne torsdag i sist veke stadfesta at artistane til dei to konsertane nå er klare. Fredagen vil stavangerbandet Leif og Kompisane starta ballet, før det blir danseband- og countrymusikk med Anne Nørdsti.

Laurdagen er det D.D.E som startar kvelden med sin konsert. Etterpå blir det ny danseband-fest, denne gongen med gruppa Ole Ivars, som også hadde konsert under Saudadagane i 2013.

Fosstveit er glad for å ha kome i mål med eit bra artistprogram også i år.

– Folk har etterlyst D.D.E lenge, og me har prøvt å få tak i dei i fleire år. Denne gongen klarte me det. Me sleit også litt med å få spikra fredagskonsertane, men det ordna seg til slutt, seier han.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.